Nationen
Karihamre

Heimlengsel i ein robåt

Det er ikkje alltid lett å forklare kvar ein kjem frå viss ein har bytt adresse fleire gonger i livet. Ein kan kjenne seg litt rotlaus og rastlaus. For eventyraren Sigri Sandberg vart ein lang rotur i Noregs lengste fjord eit forsøk på å finne heim og ro i sjela.

Det er ikkje alltid lett å forklare kvar ein kjem frå viss ein har bytt adresse fleire gonger i livet. Ein kan kjenne seg litt rotlaus og rastlaus. For eventyraren Sigri Sandberg vart ein lang rotur i Noregs lengste fjord eit forsøk på å finne heim og ro i sjela. – Det å ha ein stad å kalle heime trur eg er ganske fundamentalt for alle menneske, uansett kva oppveksthistorie ein har. Sjølv har eg kjent på ei slags rotløyse fordi eg har flytta så mange gonger. Eg har problem med å svare når folk spør kvar eg kjem frå, seier eventyrar, journalist og forfattar Sigri Sandberg til Nynorsk pressekontor.

I fjor rodde ho Sognefjorden i ein gammal oselvar frå ytst i bygda Eivindvik der ho budde halve barndommen, til inst i Luster der ho og mannen eig ein veglaus eplegard. Heile fjorden er 226 kilometer lang ifølgje Kartverket, og roturen tok ni dagar og ei natt.

Ordet fjord kjem frå norrønt fjǫrðr og tyder ein stad der ein ferdast. Den lange og personlege ferda til Sigri Sandberg er no kommen mellom to permar: «Ro. Om Sognefjorden og ein lang rotur heim»

– Eg blir så glad av ordet fjord. At det betyr akkurat det. Utgangspunktet for prosjektet mitt var at eg hadde ei enorm lyst til å ro Sognefjorden. Og så hadde eg lyst å fortelje om fjorden som ferdselsåre. Men det var viktigare for meg å ro akkurat den fjorden enn at resultatet skulle bli noko som kunne publiserast, understrekar Sandberg.

– Eg ville berre ro, sakte. Løfte årane, vere i rørsle, skru av støy og setje livsproblem på pause. Eg ville vere i den robåten i fjorden og la det regne og blåse og skvulpe og ta ting som dei kom. Sjå på natur og bølgjer og bli våt og varm og sliten. Verkeleg drite i alt anna eg burde eller skulle. Eg ville finne ro, seier forfattaren.

Sigri Sandberg har skrive om mykje ulikt gjennom skribent-karrieren sin, men har etter kvart spesialisert seg mest om å skrive om natur og menneske, og forholdet mellom dei, i alle slags sjangrar. Felles for alt arbeidet har vore ein sterk kjærleik til naturen, – og menneske som har kvardagen sin her.

– Gjennom prosjekta mine fortel eg om naturen som vi har tettast inn på oss. Korleis natur og menneske påverkar kvarandre. Roturen vart denne gongen ein raud tråd, og så kunne eg fortelje masse om fjorden og historia rundt. Eg har skrive meg sjølv og litt av livet mitt inn i reisa og teksten. Men det er noko litt sårbart med å vere så personleg, vedgår Sandberg.

Ho har budd ulike stader, på Vestlandet, Austlandet og blant anna nesten ni år på Svalbard. Totalt har det blitt 23 ulike adresser i livet.

– Det er mange som lengtar heim. I boka reflekterer eg litt rundt kva det betyr å komme frå ein plass eller høyre til ein stad. Kva betyr ordet heime og kvar er heim for eit menneske? Eg vaks opp nesten ytst i Sognefjorden, og bur no delvis nesten inst i fjorden. Så roturen og bokprosjektet er jo ei reise for meg også, frå fortid til notid og framtid, seier Sandberg.

Ho ville ikkje at dette berre skulle bli ein nostalgitripp.

– Dette er ikkje eit prosjekt der eg vil ha skryt for å ha rodd heile Sognefjorden. Det er ingen rekordprestasjon. Litt av målet var å ro sakte og kome i kontakt med naturen, historia og meg sjølv. Målet er å løfte det opp slik at folk kan reflektere over liknande ting i sitt liv. Eg brukar meg sjølv i eit narrativ, men i utgangspunktet er jo ikkje eg viktig, understrekar Sigri Sandberg.

Undervegs fortel ho om kvardagen då fjorden var riksvegen, om Henrik Wergeland som sigla der i ein storm i 1832, og om den mest omtalte ubåtjakta i norske farvatn nokosinne. Ho fortel om natur og vind og straumar og livet under vatn, og om folk og dyr ho møter. Det blir bølgjer og dramatikk, men også blikstilt vatn, song og nakenbading.

– Eg håpar det kan handle om meir enn den eksakte fjorden, sjølv om det er med mykje historie og biologi frå Sognefjorden. Mykje av dette kan også gjelde for andre fjordar. Eg fortel om fjordferdsel og gamle båtar, men også korleis det er no med utbygging, oppdrett, vasskraft med meir, seier Sandberg.

Førebuingane til den lange roturen vart gjort på ei romaskin heime i stova. Båten ho enda opp med på turen var foreldra sin gamle oselvar. Sjølve ferda vart delt inn i tre økter for å skåne kroppen, og på kvar etappe var det med ulike hjelparar som betyr noko i livet til Sigri. Vêret baud på både kraftig vind og varm, speilblank fjord.

– Eg blei svært god ven med den gamle båten. Og eg blei veldig imponert over kva vêr og bølgjer den tolte og kor god den var i sjøen. Oselvaren er ein fantastisk båt til langtur med god plass til både folk og bagasje.

– Kva tenkte du på der du sat timevis på tofta?

– Eg tenkte på alt mogleg då eg sat og rodde. Alt frå gamle barndomsminne og relasjonar til kvar vi er på veg både i konkret og overført tyding med naturen og verda og om fjorden er frisk. Eg funderte også ein del over tilhøyrsle og heimlengt. Vi har busett oss inst i fjorden. Får vi lov å kalle det heime sjølv om vi ikkje kjem derifrå opphavleg, eller kjem vi alltid til å vere tilflyttarar blant dei andre i bygda? Er det viktig kva andre meiner om dette eller er det meir viktig kva du kjenner i ditt eige hjarte? spør Sigri Sandberg.

– Kva sit du att med etter turen?

– Eg har fått lyst til å ro meir, og no har eg fått tak i ein gammal robåt som eg skal fikse opp og bruke. Det er noko med dei gamle trebåtane som har ein ekstra verdi. Det er eit historisk sus når du sit på tofta og høyrer lydane frå båten og årane i vatnet. Dei same lydane som folk som har brukt båten før har høyrt. Det gir ei så god kjensle og fred i kroppen å tenkje på, seier Sigri Sandberg.

Gode vener

«Eg blei svært god ven med den gamle båten.

Sigri Sandberg, eventyrar og forfattar

Ekstra verdi

«Det er noko med dei gamle trebåtane som har ein ekstra verdi.

Sigri Sandberg, eventyrar og forfattar

KariHamre