Tidlegare rådmann Kåre Manseth fyller 85 år
Når Kåre Manseth no fyller 85 år, kan han sjå attende på eit langt liv med stort samfunnsengasjement. Han held seg framleis oppdatert på det som skjer i kommunen, som han har vore ein del av sidan 1971.
Med ei storslått utsikt frå huset sitt i Hålandslia kan Kåre Man seth følgje med på kva som skjer i kommunesenteret. På spørsmål om han føler seg som høyangering etter 53 år i kom munen, svarar han: – Det er berre ein høyange ring i vår familie, og det er yng ste sonen, Jonny. Han blei fødd her i 1974, er oppvaksen her og det ser ut som han blir her og.
Harde tider Kåre kom til verda 4. februar i 1940 og mottoet hans gjennom livet har vore «Eg er fødd og døypt før krigen». Foreldra var bønder i Stårheim og fekk til saman seks born. Først fire jen ter, deretter to gutar fleire år seinare. No er berre Kåre igjen. Sjølv om dei var mange søs ken fekk ikkje Kåre mykje tid saman med dei eldste søstrene sine. Jentene flytta tidleg ut, så han hadde mest kontakt med den yngste søstera Dagny og broren Arne. Kåre fortel om ei vanskeleg tid og lite å rutte med i dei harde 30åra. Arbeid utanfor garden var heller ikkje mogeleg, så det var frå hand til munn. – Far såg ingen annan utveg enn å reise til Svalbard. Som gardbrukar med hest på stal len, fekk han jobb som stall meister der oppe. Han var der i tre år, berre avbrote med vitjing til kona og døtrene på Stårheim. I den perioden stilte bestefar i jobben på Svalbard, i ein peri ode på tre – fire månader. Sjølv om dette var før Kåre si tid, så vitnar det om kor vanske leg det var å klare seg. – Eldste sonen min, Arvid, og eg hadde lyst til å sjå kor far og bestefar hadde jobba. Vi tok difor fly til Svalbard for 15 år sidan, og fekk sjå både gru vene og området rundt. Dette var ein tur som har sett spor, og som var verdifull å ta med seg vidare i livet.
Vonde minne frå krigsåra Det var ein stor militærforleg ning i Eid, og sjølv om Kåre var liten under krigen, er det enkelte minne som har brent seg fast. Han hugsar at dei tyske soldatane kom og ofte tok seg til rette. For å skjerme ungane vart dei gjerne sende til nabogar den når soldatane kom. Like vel fekk dei med seg det meste, også det at foreldra gøymde kor net under høyet på låven.
Gjen nom heile okkupasjonen var dei redde for at faren skulle bli teken til fange av tyskarane. – Ein gong gjekk soldatane inn i hønsehuset og kom ut att med ein hane under armen. Dei sette seg i førarhuset på laste bilen og då glapp taket, slik at hanen flaksa vilt der inne. Slike minne bit seg godt fast i barnesinnet. – Som gutar flest hadde vi lyst til å sparke fotball, men vi hadde ikkje ball. Ei svineblære vart nytta, slik at vi kunne ha det litt kjekt. Det som har smerta mest var svenskane som kom like etter krigen. Dei hadde vore forskåna frå det elendet Kåre og familien hadde levd med i fem år. At dei kom med fin bil heim i tunet deira og hadde alt dei trong, stod i skarp kontrast til rasjo neringssituasjonen og nauda til dei fleste nordmenn.
Tidleg i arbeid Dei måtte tidleg lære seg å arbeide og hjelpe til på garden. – Eit par brør i bygda hadde kjøpt seg to traktorar med slå maskin, og dei slo for alle. Dei heldt på døgnet rundt, slik at Arne og eg gjerne vart vekte midt på natta, for å bli med å rake etter slåmaskina. Sjølv om det var tunge tak, så var eg like vel glad for å kunne hjelpe til. Etter folkeskulen var han så heldig å få vere med eit arbeids lag som skulle bygge hurtigru tekai i Måløy. Det var den fire år eldre broren som først fekk jobb, og som fekk ordna det slik at unge Kåre fekk vere med. Mil jøvernlova låg langt fram i tid, så det stod ikkje hindringar i vegen for at ein 15åring vart hyra inn, viss han var god til å jobbe. – Eg var svært stolt over å få berre 50 øre mindre i timelønn enn bror min. Seinare fekk vi også vere med å bygge kai på Raudeberg. Under anleggsar beidet vart vi frakta på eit ope lastebilplan 2 mil kvar veg for å få oss mat. Det kunne vere ufy seleg enkelte gonger. Anleggs arbeidet gav meg så pass inntekt at eg kunne legge meg opp litt pengar.
Militæret og vidare skulegang Pengane han tente på anleggs arbeid brukte han til å ta han delsskule. Deretter fekk han jobb i ein våpen og sportsbu tikk i Eid sentrum. Men militærtenesta kalla og han vart stasjonert i Skjold leir i Indre Troms. – Eg fekk motorsykkelen min transportert til Tromsø. Dette gjorde at eg kunne reise rundt i store delar av Troms fylke for å sjå meg om, når eg hadde permisjon. Etter militæret kom han attende til butikkjobben han hadde fått permisjon frå, men etter ei tid ønskte han å ta høgare utdanning og søkte seg til kommunalhøgskulen i Oslo. No hadde han møtt Ingrid frå Bremanger og dei hadde plan lagt giftarmål. Bryllaupet vart litt framskunda på grunn av studiet i hovudstaden. – På den tida fekk ikkje ugifte par bu saman, så vi reiste til Oslo som ektepar. Vi fekk eit fint kjellarhusvære i ein villa på Haugenstua med basseng i hagen. Verten kunne ikkje for stå at vi ville attende til Vest landet etter å ha budd eitt og eit halvt år i urbane strok.
Ny jobb og familie Litt før Ingrid og Kåre forlèt Oslo hadde dei fått ei dotter, Bodil, i februar 1967. Vel heime i vest, fekk Kåre jobb i Sande kommune, like over grensa til Møre og Romsdal. Her byrja han på golvet og jobba seg oppover til han vart formann skapssekretær. Bustaden deira låg i andre høgda på meieri bygget på Larsnes. Med fan tastisk havutsikt, kunne dei på klarvêrsdagar sjå heilt til Stad. Familien på tre trivdes godt, og familien vart auka til fire då Arvid vart fødd på Volda sjuke hus i oktober 1969. Etter nokre år skjedde det noko heilt tilfeldig. Ein journa list frå Sunnmørsposten hadde vore i Sogn og Fjordane og dekt sakene frå fylkestinget. Han kom i prat med ordførar Einar Lavik i Høyanger kommune, som hadde sagt at han var i beit for ein torsjef. Journalisten tipsa Lavik om Kåre Manseth som ein god kandidat. Einar Lavik tok kon takt og Manseth vart tilbydd job ben, noko han takka ja til.
Flaum og kaos Tidspunktet for å komme til Høyanger kunne ikkje ha vore meir kaotisk, like etter flaumen 2. november 1971. Bruer og delar av sentrumsgatene forsvann i vassmassane, hagar vart øyde lagde og kommunesenteret var eit katastrofeområde. – Eg vart åtvara av folk som lurte på om eg verkeleg ville flytte inn hit, smiler Kåre. Men han hadde takka ja og fann seg etter kvart til rette i rådhuset, der Arne Hjetland var ein av kollegaene. – Noko av det første Hjetland sa til meg var at eg ikkje måtte gå inn i hvelvet, for det var fullt av brennevin! Arne Hjetland kunne gjerne vere ein spøkefugl, men denne gong var det faktisk ikkje fleip. Det nybygde samfunnhuset skulle ha ein innviingsfest som vart utsett på grunn av flau men. Det var kjøpt inn drikke varer til storkalaset, og dei edle dropane måtte oppbevarast på ein trygg stad.
Mange gode år Det vart mange gode og interes sante år som kontorsjef og råd mann i Høyanger kommune. Sjølv om samfunnsengasjemen tet var aldri så stort, valde han å gå over til Vestlandsbanken etter om lag 19 år i kommunen. Vestlandsbanken med hovud kontor i Bergen, var ein god arbeidsplass dei første åra. Men så kom trønderane på bana med Fokus Bank og skulle ta over. – Stadige endringar, reduk sjon i arbeidsstokken, og ned legging av avdelingane både på Kyrkjebø og i Vadheim, førte til at eg tok pakken og gjekk. Kåre enda yrkeskarriera si med å vere vekependlar til Stranda på Sunnmøre, der han vart hyra inn i plan og økono miavdelinga i samband med bygging av to sjukeheimar. I åra etter har han hatt heimekontor og hjelpt folk med ulike saker, noko han framleis held på med.
Fisk, fotball og mykje meir Han har alltid likt å fiske og har ein 19 fots Øien plastbåt som han dreg ut og fiskar med. Den gode vennen, Hans Ravnestad, deler interessa med Kåre, så dei er ofte på fisketurar saman. Elles fortel han at dei er tre generasjonar i familien som er Liverpoolfans. Dei har vore til England på fleire fotballkampar på Anfield, som har over 60 000 plassar. Liver pooldrakta er alltid på når det er kamp. Han var elles med i IL Høy ang si langrennsgruppe som kas serar og reiste i mange år rundt i fylket på skirenn med både eigne og andre sine ungar. – Dei åra det var snørike vin trar kunne vi bruke den fine skiløypa på Håland. Det var ei fin tid. Som far får Kåre gode skuss mål frå borna sine.
Dei fortel at han har vore ein pappa som all tid stilte opp og var til stades for dei under oppveksten. Han tok dei med når han skulle noko, og han slappa av og kosa seg når han var med dei på fotballkam par, turneringar og skirenn. I tillegg har han grøne fingrar. På tomta der huset står var det berre fjell og stein. Resultatet etter Kåre sin store innsats er ein vakker, blømande hage. Dagen vert feira stille og roleg med den næraste familien. Vi gratulerer Kåre Manseth så mykje med dagen.