Setesdølen
Øko-uka over heile landet også i Setesdal
Denne veka er det Økouka med økologisk mat i fokus over heile landet.
I Agder er det ei rekke arrangement der både bønder, småbrukarar og alle interesserte både bidreg og er med på hausting, foredrag og spennande aktivitetar. I Valle inviterer Uppistog gård til open økologisk gard til laurdag. Då kan folk få prøve prisvinnande ost og helse på geitene og menneska som står bak, gå hagevandring der det blir dyrka økologiske grønsaker og få eit godt innblikk i korleis økologisk landbruk både er bra for jorda og for maten som blir laga. Carmen Krul på Uppistog har også invitert med seg Ann Kristin Rike frå Dalsmo gaard som har med seg heimebaka økologisk surdeigsbrød, samt saft og syltetøy.